Velkommen til Bømlo Sjømannsforening

Bømlo Sjømannsforening er ein ideell organisasjon hovudsakleg for folk som har arbeidd på sjøen, eller har hatt tilknytning til maritim verksemd. Organisasjonen vart stifta i 2008 takka vere initiativet til Ingvald Ingvaldsen og Thorleif Holme. Det første møtet vart halde den 2. oktober 2008 med god oppslutning av fleire enn 30 deltakarar. Per 2023 har organisasjonen vokse til over 80 medlemer.

Foreininga organiserer jamlege møter, der medlemmane samlar seg for sosialt samhøve, ofte med velsmakande mat, loddutsal og hyggelege samtalar. Som ein tradisjon inviterer dei også føredragshaldarar som deler spennande informasjon om lokal næringsliv eller lokalhistorie, med særleg vekt på emne som havbruksnæring og skipsfart. Desse samlingane er svært populære, og oppmøtet er alltid godt. Ein arrangerer også julebord, kvar november/desember.

Ein annan tradisjon er å arrangere årlege turar, der medlemmane vitjar stader, føretak og andre organisasjonar med tilknytning til havbruk og sjøfart. Døme på tidlegare turar inkluderer besøk til Oljemuseet i Stavanger, Telavåg, Fartøyvernsenteret i Norheimsund, og Hirtshals/Fredrikshavn i Danmark.

Bømlo Sjømannsforening ynskjer å oppmuntre alle med tilknytning til havbruk og sjøfart til å melda seg inn i organisasjonen. Dei ønskjer å fremja samhald og kunnskap om maritim verksemd i lokalsamfunnet.

(Gå til sida “kontaktinfo” dersom du har spørsmål, ønsker å melde deg inn eller anna)


For medlemmer med rettigheter til å editere: Skriv nytt innlegg/møtereferat

Aktuelt/Kva skjer?